Omkampene
si tid er forbi. Opposisjonen med AP og SP i spissen, tapte omkampen om kommune-
og regionreforma 7.desember. Vedtaket om samanslåinga av Hordaland og Sogn og
Fjordane var eit demokratisk og frivillig fatta vedtak i begge fylkestinga. Likevel
klarte AP og SP på Stortinget å fremja forslag om å reversere denne og fleire andre samanslåingar
no i haust. Dette til tross for at dei sjølve har hatt store ambisjonar om ei
regionreform. Det er langt mellom liv og lære.
To år med
informasjonsmøte, høyringar, forhandlingar og debattar kunne endeleg avsluttast
med ei intensjonsavtalane i februar i år. Saka vart vedteken i Stortinget i
8.juni. Opposisjonen gav seg ikkje og 7.november sa Stortinget endeleg sitt.
Mageplasket til opposisjonen var eit faktum. Ikkje rart, få held veljarane for
narr slik AP og SP gjer. i Glåmdalen 26.
oktober 2005 kunne vi lese:
«Regionreformen er en storstilt
demokratireform, intet mindre», uttalte daværende kommunalminister og leder i
Senterpartiet, Åslaug Haga.
I
Aftenposten den 9. mars 2006 kunne vi lese kronikken til SP`s Trygve Slagsvold
Vedum og AP`s Dag Terje Andersen, med tittelen: "Sterke regioner for
fremtiden», der stod det:
«Det er mange som har synspunkter
på hvordan vi best skal utforme nye, sterke og robuste regioner. Rådslaget vårt
inviterer alle engasjerte mennesker til å delta i en bred demokratisk debatt
rundt den viktigste demokratireformen i Norge på lenge!»
Den
raudgrøne regjeringa fekk det altså ikkje til, og derfor måtte jo sjølvsagt
heller ikkje regjeringa Solberg få det til. Panikken i AP og SP steig. Valkampen stod for døra, og kort tid før
Stortinget skulle fatta vedtak om regioninndelinga, vart AP imot. No skulle eit
to år langt arbeid reverserast. Lokale partifeller og trufaste AP -veljarar
stod att noko forvirra. Her skulle dei omstille seg frå entusiasme til
pessimisme i rekordfart. Partiet sentralt hadde talt.
Senterpartiet
samla ein liten flokk inne i Sogn, der representanten Liv Signe Navarsete med
ein «brennande fakkel i handa» forkynte følgjande om reforma: «Det er så ille at det skulle vore
straffbart». Å svinge partipisken var viktigare i SP enn å lytta til
innbyggarane og fylkestinget si vilje.
Navarsete
si haldning stod i sterk kontrast til den offensive og konstruktive tilnærminga
til den same reforma som partikollegaen hennar, fylkesordføraren Jenny Følling hadde. Ho hadde integritet til å seie at ein må
«sjå opp og framover», og tok ei positiv tilnærming til reforma. Det same
gjorde fylkesvaraordførar, Åshild Kjelsnes, frå AP.
AP og SP
på Stortinget har vist at det er langt mellom liv å lære, og viser i all si
kraft at dei ikkje vil lytta til heimfylka sine eige ønskjer.
Frida Melvær
Stortingsrepresentant (H). Sogn-
og fjordane
Ove Trellevik
Stortingsrepresentant (H).
Hordaland
Her er ein liten knakande morrosom film frå
kommunesammanslåinga i vest: Storkommunen Øygarden , ha lyd på og les teksten..:-)
Her er ein liten knakande morrosom film frå
kommunesammanslåinga i vest: Storkommunen Øygarden , ha lyd på og les teksten..:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar