Glesnes Speidar feira 20 års jubileum Onsdag 16.mars. Det var eit flott arrangement med full middag til dei frammøtte. Fleire hadde nytta kvelden før til forberedelsar og det var ein flott fest med opptak av nye speidara til speidergruppa. Her er mi tale;
Det er ei stor glede for meg å få vera med dere her i dag å feira Glesnes speidaren sin 20 årsdag!
Foreldra på Glesnes synes det er veldig kjekt at ungane har eit så fint fritidstilbod som speidaren, og alle er veldig takknemmelig for den innsatsen leiarane gjer.
Speidarane har veldig flinke og dyktige leiarar som gjer at ungane får oppleva mykje kjekt, og læra mykje om friluftsliv, samarbeid og vennskap o.a. Speidarane er inndelte i to grupper og leiarane er:
Storspeidarane ;
- Leiarar; Hildegunn Sørheim, med god større frå Fredrik Mortensen, Ivar Telle og Merethe Sørheim
-17 speidarar i alderen 10-16 år
Småspeidaren ;
- Leiarar; Anne Kristin Telle, med god støtte frå Eivind Mortensen, Sjur Krog og Kari Bromseth.
- totalt 27 stk i alderen 6-9
Foreldra framhever spesielt at dei har vært veldig heldig som har hatt Hildegunn Sørheim med i speidaren heilt sidan dei starta i mars 1991. Då dei starta var dei rundt 15 speidarar – i dag er dei over 40 med barn frå både Glesnes og andre bygde i kommunen. Speidargruppa har vore sers viktig for oppvekstmiljøet her på Glesnes.
Det viktigaste for meg med speidaren er dei haldningar, kunnskapar og ferdigheiter barna får når dei deltek. Eg har sjølv hatt barn i speidaren og både eg og ungane har hatt stort utbytte av det.Speidaren her på Glesnes er aktive, dei er mykje ute i naturen, dei lære om førstehjelp, om kart og kompass, har vært å klatra/ rappellert, dei har kanoar dei bruker, har vore å prøvd seg på fridykking, fått vært med i seglbåt, har lavo dei bruker mykje, lage knutar og andre speideraktivitetar. Det synest eg er kjempeflott.
Eg set stor pris på at vi lærer ungane å nyte kystkulturen og dei muligheitane vi har her ute!
Speidaren på Glesnes var og initiativtakar og utgivar av det fine turkartet for Sotra og Øygarden som kom i 2009. Det set vi i regionen her stor pris på. I juni skal speidarane delta på kretsleir på Voss, og kvart fjerde år deltar dei på store landsleira andre stadar i landet. Dette blir ofte sett på som høgdepunkta og eg håpar alle stiller opp og bidreg at slike turar også lar seg realisere i framtida.
Slik eg forstår starta speidaren oppe på skulen, Speidaren har dei seinare åra halde til i ungdomshuset på Glesnes der dei med eigne midla har innreia seg eige rom her på loftet. No er dei og sterkt engasjert i det nye naustprosjektet på Glesnes - der speidaren skal disponerer 1.etasje av naustet. Det gler eg meg til!
Både eg og innbyggarane er veldig glad for at vi har eit sånt flott tilbod i bygda vår og for den innsats leiarane gjer, men eg vil også takka foreldra, ja heile bygda for den dugnads innsats og den livslyst og bulyst som vert vist her på Glesnes. På ein slik dag er det på sin plass med litt blomster, og eg vil overrekka blomster speidarane v/Hildegunn.
Ordføraren
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar