lørdag 29. oktober 2011

Veke 43. Folkevalgtopplæring og seminar med Fylkesmannen og staten

Denne veka har det ikkje vore mykje kontortid. Har du sendt e-post eller ringt – så er eg på etterskot med oppfølging! Denne veka har det vore blant anna to spennande og interessante seminar på til saman 4 dagar så dermed var veka over.



Folkevalgtopplering 
Tysdag og Onsdag var det folkevalt opplæring for kommunestyrerepresentantane. Me hadde to gode dagar saman med rådmannen, einingsleiara og tilsette representantar. Opplegget var eit samspel med Håvard Moe fra KS Konsulent AS som er vår konsulent i arbeidet med evalueringa av organisasjonen og organisasjonsendringa. Eg fekk opna seminaret og fokuserte i mitt innlegg på leiing, styringsgrep, delegasjon og viktigheita av at alle kjenner si rolle for at me skal nå mål.  Rådmannen gav oss nokre viktige perspektiv på Sund kommune. Einingsleiarane fekk presentert sine fagområde – status og utfordingar. Konsulenten Håvard Moe drog oss gjennom korleis me kan drive økonomisk styring som lokalpolitikkara og kva som er Sund kommune sitt handlingsrom. Kommuneøkonomi for lokalpolitikara er dei store tal`s lov – dvs me må ha fokus på kostnadsdrivara – det som genererer aktivitet. Potensielle innsparingstiltak som kann monne på sikt er endring av skulestruktur og endre omsorgsprofil. Dvs mindre bruk av sjukeheimsplassar og meir bruk av omsorgsbustadar og heimehjelp. Anne Grete Hareide presenterte samhandlingsreforma -  og dei økonomiske konsekvensane av p ikkje parat til å følgje opp denne reforma når den trår til for fult i januar 2012. Me drøfta også forholdet politikk – administrasjon og organisasjonen som virkemiddel for å nå politiske mål og mogelege framtidige organisasjonsmodellar.

BIR AS
Torsdag starta dagen med eigarmøte i BIR AS. Me fekk presentert konsernet sin strategi og mål for 2012 som blei vedtatt. Konsernet er konkurransedyktig og vinn stadig nye kontraktar. Fjell kommune og Øygarden kommune inngår no kontrakt med BIR for husholdningsavfallet. Dei eig ikkje i BIR, men det gjer Sund!

Fylkesmannen og statsetatane sitt møte med kommunane
Torsdag og Fredag inviterte fylkesmannen til seminar. Her møtes statsetatane og den administrative og politiske leiinga i kommunane i Hordaland på Solstrand Hotell. Tema på desse seminara er ofte statsetatane sine oppdrag i kommunane. Tema denne gongen var utdanning, samhandlingsreforma, den generelle veksten i regionen, erfaringar etter 22 juli og beredskap samt samferdsel – veg og jernbane.
Kjempespennande – personleg så hadde eg best utbytte av professor Lars Weisæth frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Ein fantastisk foredragshaldar – og fagmann. Her var det mykje å lære både for leiara og fagfolk – spesielt i dei 8 hordalandskommunane som hadde ungdommar som var på Utøya 22.juli.
NSB sin presentasjon og visjon for tog mellom Åsane – sentrum – Flesland var også imponerande og heilt klart noko politikarane for alvor bør drøfta.

Ordførarkjede
Torsdag kveld var eg invitert på Vest næringsråd sin årsfest på Raddison Hortel Norge. Der fekk eg overlevert ein flott ordførarkjede som er ei gåve til Sund kommune. Dette er ei gåve frå Sotra Fiskeindustri AS, Sekkingstad AS, Sartor Maskin AS, Panorama Konferansehotell, Net El-torget, Landro Byggservice, Falck Nutec og Vest Næringsråd.

Foto tatt 24 oktober av Sissel Vardøy. Foto tatt frå Viksøy og med Tekslo i bakgrunnen.

Det var oppsummeringa for denne veka !

Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar