No er statsbudsjettet framlagt og arbeidet med å få på plass
kommunebudsjettet for neste år startar med full tyngde. Sund kommune er ein av
”budsjett vinnarane” bland kommunane i Hordaland meiner dep.råd Eivind Dale i kommunaldepartementet, men det er ikkje noko grunn
for å juble. Etter min oppfatning er budsjettet i tal nokolunde som forventa
for oss i Sund, men eg er overraska av at Bergen kjem så dårleg ut. Konsekvensane av samhandlingsreforma har regjeringa heilt gløymt.
Bergen får ca 63,5 mill mindre enn dei forventa, mens me i Sund får
15 mill meir å rutte med, men det er ikkje meir enn forventa. Eg hadde håpa på
meir sidan meir ansvar blir pålagt kommunane og det er valår til neste år.
Nasjonalbudsjettet for 2013 er på ca 1040 mld. Oljefondet
har nådd 4000 mld. Me har i Noreg den største BNP per innbyggar i Europa og sit
såleis på ei grøn grein! Likevel opplever me at det er uløyste oppgåver i
samfunnet. Til neste år skal kommunane betale 20% av som medfinansiering for pasientane som blir behandla på sjukehus. For Sund er dette million utgifter utan at det er dekning for det i budsjettet frå Staten! Alt skal finansierast av veksten i dei frie inntektene.
Veksten i dei frie inntektene me får i Sund er som nemnd på
ca 15 mill. Dette skal dekke vekst i folketalet, auka utgiftsnivå og nye oppgåver frå Staten. Utfordringa er fleire og at me veks
fortare enn budsjettet. Me passerte 6500 i
sommar! Med andre ord; me har fleire innbyggara enn
me får ”oppgjer” for. I tillegg skal auken i dei frie inntektene ta dei økte
kostnadane me har som følgje av pris og lønsvekst. Når kommunen veks i innbyggartal
får me press på tenestene våre. Me må byggja barnehagar, skular, gravplass og
helsehus etc. I tillegg blir befolkninga eldre og treng omsorgstenester. nsjonsutgiftene veks. Me får fleire som treng
barnevern, støtte frå NAV mm. I tillegg peikar staten på nye oppgåver og meir
ansvar som følgje av samhandlingsreforma. Veksten i rammetilskottet skal også dekke satsing på valfag i 8 og 9
trinnet, samt satsing i kulturskulen etc.
Arbeidet med å få budsjettet i balanse startar i formannskapet. Det handlar i år som i tidligare år å finne postar å ”trekkje” drifta ned for å få utgiftene til å dekke kostnadane staten pålegg oss. Det går det slag i slag med budsjettarbeid og innstramingar fram til kommunestyremøtet i desember. Målet er å budsjettere med 3% pluss i netto driftsresultat. Eg trur det blir ei krevjande oppgåve. Av dei ca 15 mill i vekst me får går 10 mill til lønsauke, 5 mill til økte finanskostnader for ny skule og gravplass, 2 mill til leie og driftskostnad på helsehus, og allereie her er me eit par mill i minus! Tar me med konsekvensane av samhandlingsreforma kan utfordringane bli 8-10 mill. Fokuset i årets budsjettarbeid blir såleis å finne inndekning som følgje av vekst i drifta og nye oppgåver/ansvar. Det er to mogeligheiter og det er å auka inntektene eller redusere drifta. Å auka inntektene utan å påleggje innbyggarane meir eigedomsskatt eller auka avgifter er ikkje lett, så eg antar fokuset blir reduksjon og innsparing i drifta. Omlegging av skulestrukturen får først ”merkbar” verknad frå 2014 budsjettet når Klokkarvik elevane er overført til Stranda.
For næringslivet i regionen og for alle som reiser er det
ingen midlar å sjå til ”strakstiltak” for dei stadig veksande køane på RV555.
Noko positivt innan samferdsel er det for Bergensregionen, men det er ikkje
mykje å rope ”hurra” for. Det er lite å sjå for å stimulere næringslivet
til nytenking og innovasjon. Det blir satsa litt på høgare utdanning i Bergen
og det er bra. Budsjettet bærer likevel ikkje preg av ein skal sikre
konkurransekrafta til norsk næringsliv i det heile. Tvert i mot byggjer me blant
anna toll barrierar for å hindre effektivisering, strukturendringar og konkurransefremjande
tiltak i for eksempel mat produksjonen vår. 344% auke i toll på import av
storfekjøtt – bonden blir ikkje meir
konkurransedyktig av slike tiltak! Maten blir dyrare for forbrukaren! og
subsidiane på over 16 mld til bøndene held fram også i 2013. På vegar vil
regjeringa kun vil bruke 7,9 mld på Statleg veg. I tillegg kjem 9,2 mld i
bompengar så sånn sett bruker me like mykje på statleg veg som på jordbruk
inklusive bompengar! Ei trøst for oss er det at det kan sjå ut som om det blir
satsa meir på å auke satsinga på vegvedlikehald både statleg og fylkeskommunale
vegar.
Marin næring er bekymra for konsekvensen av tollvedtaket i
jordbruket, og budsjettet gav inga retning for havbruk og fiskeri for å sikre
konkurransekraft og lønnsemd. Me må sikkert vente til HAV 21 rapporten og
stortingsmeldinga om sjømat blir presentert før me får noko svar på dette
viktige temaet. Eg hadde venta med ei satsing på forskning innan marin næring. Dette er norges nest største næring og med betydeleg vekstpotensiale. Ei dobling av oppdrett er mulig dersom me får bl.a. kontroll på fiskehelse og ei bærekraftig forproduksjon. 1 mill ekstra til Vetrinærinstituttet for fosking på temaet er eit steg i rett retning men langt frå å sikre næringa vekstmuligheter. Eg hadde ønskt ei stor satsing på "den blå bioteknologien". Det kunne bidratt til å styrkje planane våre på Skaganeset. Det ligg inne i
budsjettet at regionen kan starta bygginga av ei ny firskerihamn i Austevoll.
Dette er kjekke nyheiter for naboane i sør og som heile fiskeflåten vår
vil tene på blir realisert. I nord må våre venner på Fedje leve med at det ikkje
er satt av ressursar til U-båt heving.
Det blir "tøffe tak" for å få budsjettet i balanse til neste år også.
Det blir "tøffe tak" for å få budsjettet i balanse til neste år også.
Ha ei fin fin helg
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar