Denne veka har det vore mykje snakk om strakstiltak, og
manglande iverksetjing av mogelege strakstiltak. Måndag var eg på eit møte på
CCB der dei største bedriftene innan olje og gass fekk presentert sine planar
for framtida. Fellesnemnaren er at dei forventar vekst, MEN dei har også
utfordringar med å få veksten til å skje på Ågotnes grunna trafikkaoset som
veks for kvar dag. Det ser ut som om strakstiltak berre drar ut i tid, men slik
eg forstår Fjell så skal dei no ha eit møte med politi og vegvesen og deretter
ei befaring for å sjå korleis ein kan betre situasjonen.
Det er berre ei løysing som virkar. Det er å få trafikken på
hovudvegen til å flyte betre. Aller helst burde det vore laga eit planfritt
kryss for trafikken til Valen/Arefjord og Hjelteryggen. Slik eg forstår så er det
lite aktuelt. Ein vil heller prøve å stengje Valen/Arefjord krysset i dei timane det
er mest trafikk. Bilane lyt då kjøre om det planfrie krysset på Straume for å
køyre på hovudvegen frå Valen området. Dette kan betre trafikk flyten på kort sikt.
Ein skal også vurdere å omgjere gang/sykkelvegen frå Straume til Sotrabrua til
kollektiv felt. Summen av desse tiltaka håpar eg inderleg har effekt.
Det er også aktuelt å sette inn fleire bussar, men utfordringane er å finne parkeringsplassar. Fjell har funne noko i gangavstand til terminalen på Straume. I Sund kan det kanskje være aktuelt å leige parkeringsplassen ved Hald stadion. Det er også andre alternativ. Eg skal drøfta med SKYSS og Fylkeskommunen om det er mogeligheit for å få direktebuss frå Skogsskiftet til Bergen. Då vil fleire ta buss. Det har også vore eit tema om båt som alternativ. Dette er også eit krevjande prosjekt å realisere utan offentleg økonomisk støtte trur eg.
Formannskapsmøte
Tysdag var det Formannskapsmøte. Der vedtok me å skifte
kledning på gamle Stranda skule. Økonomien i prosjektet for bygging av den nye
skulen på Stranda er under kontroll så det er kjekt at me då kan ta oss råd til
å oppgradere og vedlikehalde gamle skulen også. Når alt står ferdig på nyåret
blir Stranda skule ein kjempeflott skule. Håpar me kan få til å arrangere ein
open dag slik at alle som ønskjer kan få sjå kor flott det er blitt.
I formannskapet drøfta med også økonomien generelt. Det ser
ut til at me kan ha forventningar om at me kan gjere opp året 2012 i balanse.
Det er flott. Me har hatt vekst i utgiftene innafor fleire tenesteområde, så
det er kjekt å sjå at me til tross for det kan gå i ballanse. Det gjer det
lettare å lage eit budsjett i ballanse for 2013.
Ny næring i gamle naust
Torsdag var det møte i denne styringsgruppa i Bergen. Her i
Sund har me hatt ei annonse i Vestnytt for å knytte til oss fleire interesserte
naust eigara. No har me 11 som er interessert. Så får me håpe at nokon av dei
har planar som lar seg realisere. No er det berre å gå i gang med søknadane. Totalt
i prosjektet medrekna nausta i Austevoll, Bømlo og Radøy så er det 27 naust som
er med. Det er viktig å få kjørt gjennom nokre prosjekt no for å lage ein ”mal”
for korleis fleire kan få sikra kulturarva i eit gammalt naust med å tillate
noko ny næring i naustet. Det skal bli spennande å sjå kor Fylkesmann og
fylkeskonservator ”legg lista” for kva som er mogeleg å få til. 24 november tar
me sikte på å ha eit dag seminar for nausteigarane der me kanskje kan få fram
kor ”lista ligg” og grensene går.
Sund Sportsklubb
Fredag kveld hadde Sund Sportsklubb kickoff for
ungdomsutvalet i Haldhuset. Her var det masse flotte ungdommar som hadde masse
kjekke aktivitetar – både sportslige og andre. Kjempegod stemning og mykje moro
for ungdommar mellom 13 og 19 år.
Det er lagt ned mykje dugnadsarbeid for å få dette til.
Ungdommane har sjølv bidratt både med golvlegging og anna. Stor takk til
Gjertrud Toft Eriksen for hennar initiativ. Aktivitetane blir om kort tid
utvida og tilbodet betre. Her er det berre for ungdommane å engasjere seg!
TV-Aksjon
Søndag er dagen for årets TV-aksjon. Ta vel imot bøsseberarane!
http://blimed.no/Hovedside?gclid=CPCVy5mEj7MCFeN4cAodB2EAoA
Ha ei fin fin helg!
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar