Næringslivet og kommunane i Hordaland sine utsikter og forventningar til 2014 var hovudtemaa på fylkesordføraren sitt Nyårsmøtet 2014 i Bergen fredag 3. januar. Dette er eit årleg møte der fylkesordførar inviterar stortingsrepresentantar for Hordaland, fylkespolitikarar, ordførarane i hordalandskommunane, representantar for næringsliv, organisasjonar, næringsliv, høgare utdanningsinstitusjonar m.fl.
Målet er å gje oss
stortingsrepresentantar eit godt innblikk i kor ”skoen trykker”. Fylkesordførar
Tom-Christer Nilsen innleier om kva forventningar og utsikter næringslivet i
fylket har til året.
Global Center of Expertise
Næringsminister Monica
Mæland orienterte om regjeringa sin næringspolitikk. Etter statsråden sitt
innlegg blei det presentasjon av to GCE-kandidatar frå vår region: Marin GCE og
GCE Subsea. Begge kandidatane representerar det beste av forsking og utvikling
og innovative vekstbedrifter innan sine respektive fag.
Eg sat att med ein
følelse av at det er Marin GCE som kanskje har minst konkurranse frå andre
miljø i landet. Bergen har noko av verdas fremste forskingsmiljø innan marin
forsking. I Bergen er både for Fiskeridirektorat og Havforskingsinstituttet
lokalisert. I tillegg er det en rekke hovudkontor for relevante selskap i byen.
60% av verdens lakseproduksjon er styrt frå Bergensregionen. GCE Subsea har
også store muligheiter med erfaringane og kompetansen som er bygd opp i NCE
Subsea. Selskapa som er med her er verdsleiande i sine fag og klynga er internasjonalt
sertifisert, og er allereie blant de fremste i verdssamanheng. Selskapa som er
med i klynga har allereie ca 50% av verdas Subsea marknad og opererer over
heile verda. Dei møter likevel konkurranse frå andre miljø i Noreg. Her er det
gode miljø blant anna i Stavanger, Sørlandet og på Kongsberg. Noreg står såleis
sterkt i verdssamanheng når det gjeld Subsesa teknologi.
Det som til sjuande og
sist bør vi viktigast når GCE kandidatane skal veljast er den muligheita dei
har for verkeleg å bli eit GCE og bringe næringa representerer til nye høgder
internasjonalt sett – til det beste for Noreg. Dersom ikkje det blir
”distriktspolitikk” av dette, så burde begge kandidatane kanskje vunne fram
basert på objektive kriterium som kan etterprøvast.
Andre aktørar – og forventningar til Stortinget
Fylkesdirektør Anne
Kverneland Bogsnes, NAV Hordaland, og direktør Nina Broch Mathisen, Innovasjon
Noreg Hordaland følgje opp debatten med innlegg frå sine ståstader. Det er eit
alvorleg samfunnsproblem at så mykje som 20% av dei som kunne vore i arbeid
- fell utanfor arbeidslivet. Dette må
det gjerast noko med.
Byrådsleiar i Bergen,
Ragnhild Stolt-Nielsen, ordførar John Opdal i Odda og Hans-Inge Algrøy frå FHL presenterte
sine forventningar til Hordalandsbenken og Stortinget for kommande år.
Hordaland har ulike utfordringar. I kommunane langs kysten går det godt mens
innerst i fylket er det meir usikkerheit knytt til dei store industriselskapa
sine vilkår. Alle er opptatt av betre samferdsel. Dette må være nr 1 – av
utfordringar som må følgjast opp. Mange
prosjekt ble nemnt. Bl.a E39 og ny terminal på Flesland. Det er også eit behov
for å styrkja sivilingeniør utdanninga i Bergen med ca 50 plassar. I tillegg
trengs det nokre ressursar til meir infrastruktur. Regionen har også eit behov
for snarleg å få etablert eit servicesenter for utanlandske arbeidstakara.
Hordaland som er Noregs viktigaste eksportfylke er svært sårbar på kompetent
arbeidskraft. For havbruksnæringa er marknadstilgang og nye områder/lokaliteter
viktig for framtidig vekst. I debatten kom det også fram at fokuset på
to-delinga av Norsk økonimi er viktig, MEN; olje & gass er på ingen måte en
næring i ”solnedgang”. Olje & gass næringa kommer til å bli viktig for
Hordaland i mange generasjonar framover.
Administrerande
direktør Bergen Næringsråd, Marit Wrancke, orienterte om «Ny kartlegging om
næringslivet sine utfordringar og forventningar i 2014, og vidare dei neste 20
år.» Dette er basert på ein
marknadsundersøking.
Næringslivet i
Hordaland har noko mindre tru på året som kjem enn kva dei hadde for eitt år
sida. At få vil investere, vitnar om ein usikker marknad. Dei fleste ventar
likevel at 2014 blir om lag som 2013.
Bedriftsundersøking
som er gjennomført viser korleis næringslivet vurderer utsiktene for 2014.
- Lågare
forventingar enn i januar 2013
- Låg
investeringsvilje
- Dei
fleste næringar ventar likevel vekst i talet på tilsette i 2014
- Lærlingebedriftene
middels nøgd med lærlingane
Bedriftsundersøkinga
viser at næringslivet i fylket er blitt noko meir pessimistiske samanlikna med
i fjor på same tid. Samleindeksen har gått ned frå 21 poeng i januar 2013 til
15 poeng i januar 2014. Den største andelen som ventar nedgang finn vi i landbruket. Dei som driv med fiske og havbruk har størst tru på oppgang neste år.
Situasjonen er ikkje dramatisk, men signaliserer truleg at den reduserte veksten i norsk økonomi kan å ha nådd Hordaland – og då visse næringar kraftigare enn andre.
Situasjonen er ikkje dramatisk, men signaliserer truleg at den reduserte veksten i norsk økonomi kan å ha nådd Hordaland – og då visse næringar kraftigare enn andre.
Her kan du lese meir om næringsbarometeret:
Møte med Bergen
Kommune
Etter
nyttårsmøtet med Fylkesordførar & Co, fortsette Hordalandsbenken mete med
Bergen kommune. Har var tema utfordringane Bergen har som ”vertsby” for
Hordaland og korleis vi kan få til eit best mogeleg samarbeid mellom benken og
regionen. Tema som blei drøfta her var helse og rus utfordringar, barnehage
økonomi sett i lys av at de private barnehagane ikkje har dei same
pensjonsutgiftene som dei kommunale barnehagane. I tillegg blei det presentert
regionale planar for ulike etableringar som symjehall etc som også kan få
status som nasjonalt anlegg. Vei og bane var også tema! Møte dagen blei
avslutta med eit framifrå Torskemåltid!
mvh
Ove
Får vi eit framtidig GCE på Ågotnes? |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar