lørdag 11. januar 2014

Toppes fredspipe med Warloe

Det var nokk også mange Høgre folk som svelgde baconet vrangt, og sølte kaffi på skorta då dei las Henning Warloe sine betraktningar søndag morgon 5.januar i BT. Han må ha vore i bakrus denne sundagsmorgonen. Kva tilstand Kjersti Toppe var i då ho las Høgre sin distriktspolitikk veit eg ikkje, men ho har iallfall ikkje forstått kva ho las. Henning Warloe sine betraktningar er ikkje i tråd med Høgre sin politikk. Det burde stortingsrepresentant Kjersti Toppe forstå.

 

Noreg er eit land med store variasjonar og rikt mangfald. Høgre ønskjer gjennom dette mangfaldet å vidareutvikla distrikta. Høgre vil legge til rette for vekst i heile Noreg. Den nye regjeringa med Høgre i spissen har tatt utfordringa med den todelte økonomien på alvor, og har starta arbeidet med å gjere norsk konkurransekraft betre. Dette gjeld også for verksemdene i distrikta. Høgre vil leggja til rette for vekstregionar som sikrar nye lønnsame arbeidsplassar, og styrkjar dei me har. Infrastruktur som legg til rette for dette er sers viktig for Høgre. Utan distrikt som genererer inntekter hadde vi heller ikkje hatt byar. Det er slik at både byar, regionar og distrikt må sjåast i samanheng, og dei har alle sine unike konkurransefortrinn som vi nyttar til verdiskaping og velferd til det beste for Noreg. Noreg er eit langstrakt land. Det meste av den norske konkurranseutsette industrien, energiproduksjon, havbruk og mat produksjon blir sjølvsakt driven utanfor dei store byane. Noko anna hadde ikkje vore mogeleg.

Om Kjersti Toppe ikkje vil forstå det ho les av Høgre sin politikk, kan ho jo heller tolke Henning Warloe sitt innlegg dit hen at vi må nytta ressursane i dei vekstregionane der det er vekst, og som maksimerar samfunnsnytta av ressursbruken, og ikkje til tunnell under tunet til eigen partifelle i Senterpartiet.

I tillegg kritisera godaste Toppe meg for at eg unner bonden billigare importert kraftfôr. Når du vel å trekkje inn landbrukspolitikk og ikkje nemner at ca 50% av kraftforet også blei importert i tida med landbruksminister frå Senterpartiet blir det feil. Høgre ønskjer å styrkja lønnsemda til bonden. Meir import av rimeligare kraftfôr kan bidra til det. For Kjersti Toppe et er berre å finna fram att programmet til Høge og lese endå ein gong kva «Nye idear og betre løysingar» betyr for distrikta, og kor viktig distrikta er for nasjonal verdiskaping. God lesing!
 
mvh
Ove

 

Følg debatten på BT.no

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar