tirsdag 26. juli 2016

Nye muligheter for offentlige tjenester


Stortinget har nylig vedtatt ny lov om offentlige anskaffelser. Dette er ei stor og viktig sak både for det offentlige, men også for innbyggarane flest. Det er tross alt innbyggarane som til sjuande og sist er sluttbrukaren av alle offentlige tilbod og tenester.



Bakgrunnen for sjølve lova er både det EØS-rettslige, eit ønsket om forenklingar både i EU og her i Norge, og forbetre sanksjonsreglene ved brot på regelverket. Det har opp gjennom tidene vært mye kritikk for at regelverket er komplisert, detaljert og formalistisk. Da er det positivt at regjeringa har tatt tak i det, og gjer forenklingar i regelverket.

Dei største diskusjonane har likevel vært  knytt til frivillige lag og organisasjonar som for eksempel røde kors, og i kva grad vi kan reservere kontraktar for dei aktørane innan helse, sosial og omsorg. Dei reservasjonsreglane vi i dag har i gjeldande lov, lar seg ikkje vidareføre i ny lov grunna EØS retten. Her forsømde den raudgrøne regjeringa seg med å få på plass ønskjelege tilpassingar til norsk praksis.

Vi har den seinare tid sett fleire saker både i Oslo og Bergen der byrådet ønskjer å reservere kontraktar for ideelle organisasjonar. Det blir ikkje mulig på same måte som i dag. Regjeringa er tydelig på at ein ønskjer å utnytte handlingsrommet som ligg i EØS regelverket, samtidig som vi må respektere at det går ei grense for når ein bryter prinsippa om likebehandling av tilbydarane.

Stortinget har peikt på ei rekke sertrekk med tenestene som dei frivillige lag og organisasjonar har som kan gje dei konkurransefortrinn, men det er viktig å huske på at også andre tilbydarar står fritt til å tileigne seg slik kompetanse og kvalifikasjonar,  og tilby dette. Det blir no opp til kommunane og forvaltninga å definere riktig kvalitet og riktig tenester når regelverket trer i kraft, slik at ein utnytter dei ideelle organisasjonane sitt fortrinn der dei har det. Det nye regelverket setter brukaren sitt behov i fokus, og da er det vel eigentleg meir underorda kven som tilbyr, og kva organisasjonsform tilbydaren har dersom vi set brukarane og deira behov i fokus.

 

Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar