torsdag 15. oktober 2020

11 spørsmål til Nils Bjørke (SP) - Han vil ikkje svare!

Senterpartiet drøymer om eit regjeringssamarbeid med Arbeiderpartiet etter stortingsvalet om eitt år. Men det blir neppe mogleg utan SV og MDG på laget. Kor store kamelar er då Nils Bjørke villig til å svelgje?

Éin ting har Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne til felles: Dei peikar alle foreløpig på Ap-leiar Jonas Gahr Støre som sin statsministerkandidat ved stortingsvalet neste år. Men det kjem til å koste for Nils Bjørke og hans Senterparti. For sett bort frå ønsket om Støre som statsminister, har partia lite til felles.

Når valet nærmar seg, meiner eg at tida er inne for å oppklara kva Senterpartiet eigentleg går til val på. For å hjelpe har eg notert meg 10 spørsmål til Nils Bjørke, om praktisk politikk som han kjem til å måtte diskutere med SV og MDG.

1.      Vil Nils Bjørke og SP skrote planane om ny E16 til Voss slik MDG sentralt vil?

2.      Vil  og Nils Bjørke Sp ta tilbake arveavgifta, slik SV vil?

3.      Vil  Nils Bjørke og Sp auke drivstoffavgifta, slik SV vil?

4.      Vil  Nils Bjørke Sp gjere store kutt i det norske kjøtforbruket, slik MDG vil?

5.      Vil Nils Bjørke og Sp auke flyseteavgifta, slik SV og MDG vil?

6.      Vil Nils Bjørke og Sp auke bilavgifter, slik SV og MDG vil?

7.      Vil  Nils Bjørke og Sp auke reguleringskrava i landbruket, slik SV og MDG vil?

8.      Vil Nils Bjørke og Sp opne for sekstimarsdag, slik SV og MDG vil?

9.      Vil Nils Bjørke og Sp sette ein sluttdato for norsk oljeproduksjon, slik MDG vil?

10.   Vil Nils Bjørke og Sp auke rovviltbestanden, slik SV og MDG vil?

Med ein slik politikk vil i så fall gå dårlig med Vestland. Ein pendlar måtte betale meir for bil og drivstoff. Bonden vil få fleire reguleringar og han får selje mindre kjøt. Alle som jobbar i oljebransjen vil gå ei usikker framtid i møte.

 

Når Nils Bjørke svarar, kjem han sikkert til å svare unnvikande. Og så kjem han til å seie at Senterpartiet vil søke etter den løysinga som gir hans parti mest gjennomslag. Men i realiteten er det berre to alternativ her:

1.      Jonas Gahr Støre som statsminister, med SV og MDG på slep.

2.      Erna Solberg som statsminister, og du veit kva du får.

Vestland fylke representerer verdiskaping, innovasjon og vekst. Vi er det innovasjons fylket som er og kjem til å fortsette å vere heilt sentrale i utforminga av morgondagens Noreg. Men for å kunne dyrke moglegheitene som fins i fylket vårt, treng vi føreseielegheit. Dette er ikkje tida for politiske eksperiment.

Så da blir mitt siste og ellevte spørsmål: Vil Nils Bjørke og Sp gå på kompromiss med sine hjartesaker, og samarbeide med SV og MDG i ei regjering?

For når valet er over og stemmene er telt, så er det desse spørsmåla du må svare på, Nils Bjørke . Og når desse spørsmåla uansett skal svarast på, kan dei like gjerne svarast på no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar