Årets trontaledebatt var prega av formueskatt debatt. Den nye Frisch-rapporten ble det argumentert for. 5 års feilaktig argumentasjon frå venstresida gjentok seg. Gang på gang blei det hevda at forskjellene aukar, men er det rett?
Dette blogg innlegget er i det store og heile basert på e post frå Ole Hauso.
- Forskjellane, som aldri har vore mindre i Norge!
a. Med lønnslippen som den smale målestokk på ulikheit, måtte tusendelen takast i bruk av SSB i utviklinga frå 2013 til 2019, her framført på Nrk Debatten.
Med lønnslippen som den smale målestokk på ulikheit, måtte tusendelen takast i bruk av SSB i utviklinga frå 2013 til 2019 for å dokumentera forskjellar.
b. Lite
omtalt frå definisjonsmakta si side, er Rolf Aaberge sitt utvida begrep av
"inntekt". Verdens største grunnpakke; over 250.000 kroner via
statsbudsjettet og 50.000 kroner over 2013-nivå, synest å ha så liten verdi at
det vert neglisjert av ei samla venstreside. Men må våre eigne
stortingsrepresentantar neglisjera denne kunnskapen?
SSB om
dette:
"Basert på data fra Eurostat for 2009 var Gini-koeffisienten i fordelingen
av disponible kontantinntekter i Norge lik 0,24 (Aaberge, Langørgen og
Lindgren, 2013); altså lik ulikheten i den tilsvarende fordelingen i 2013. Ved
å legge til verdien av sentrale offentlige tjenester utført av sykehusene og de
videregående skolene, falt verdien av Gini-koeffisienten til 0,18. Resultatene
ovenfor viser at fordelingen av personbaserte inntektsdata fra skatteligningen
gir et ufullstendig bilde av fordelingen av økonomisk velferd i Norge."
Men me har
jo mange fleire fordeler enn «gratis» sjukehus og utdanning! Alle utgifter
på statsbudsjettet er jo del av vår indirekte velferd, som politi, rettsstaten,
forsvaret og teknisk etat på Askøy som jobbar for god vannkvalitet.
c. Kjøpekraft for dei lågtløna: Aldri har forskjellane vore mindre. I
1965 kosta dette svart / kvitt fjernsynsapparatet av kvalitet ingen ville
ha i dag -sjølv på hytta, 6 vekers arbeidsinnsats. Betyr ikkje dette noko
på utjevning når alle i dag har råd til tidsbesparande kjøleskap, vaskemaskin,
oppvaskmaskin og frys, kjøpt for to dagsløner mot to månadsløner på 1950-talet?
d. Formuen til dei lågtløna.
Rolf Aaberge
har i hans siste rapport om ulikheit på det mest kreative vis, utvida begrepet
til å inkludera formuen i bedriften han eig, inn i ei inntektsberekning. Vår
velferd, den norske grunnpakken er gjennom statsbudsjettet heva med ca. ein
sjettedel ved hjelp av gevinsten i oljelotteriet. Samanlikna med svensken, kva
betyr vel 40.000 kroner ekstra statlege subsidiar over eit liv? Som Jens
Stoltenberg sin pensjon kan reknast til 10'tals millionar, kan også
"oljepensjonen" reknast til i storleiken eit par millionar kroner.
Men denne er lik for fattig som rik, og utjevnar såleis forskjellar mellom
arbeidar og grosserar.
I eksempelet over har "den rike" i utgangspunktet 4 gonger så stor formue som arbeider Hansens eine million. Dette gir ikkje heile biletet. Ved å setja verdien av oljetilskotet til 2 millionar kroner, er forskjellen redusert til "kun" det dobbelte, 6 vs. 3 millionar i formue.
I sum: Solid grunnlag for å hevda at forskjellane aldri har vore mindre i Norge!
Eller er det
på dette området kun lønnslippen
– den aller smalaste definisjon av inntekt- som skal leggjast til grunn,
mens på inntekta til dei rike så skal eit konstruert utvida begrep nyttast?
Og betyr
ikkje økonomi noko, så lever norske menn 6 år lengre enn i 1994!
Veksten i velferd over statsbudsjettet er på ca. 300 milliardar kroner. "Kun" vel 100 milliardar av ekstra velferd er oljefinansiert.
- Det
har kome to
rapportar tilknytta ulikheit siste to veker.
Den første
frå SSB er nevnt i pkt 1.d over.
Den
andre er Frischrapporten, med den oppsiktsvekkjande
konklusjonen: Høgare formuesskatt gir fleire arbeidsplassar!
- Anbefalar
no SV dobla eller den 3-dobla formuesskatt?
- Kan
SV finna ein einaste bedriftseigar som ville tilsetja fleire folk ved
ilagt større formuesskatt?
Etter Frischrapporten
snakkar venstresida som om den bekrefta tidlegare utgreiingar, med liten effekt
av redusert formuesskatt.
Som figuren
over viser, er investeringsnivået opprettholdt etter oljekrisa 2015, i
motsetning til under finanskrisa 2008. Så er spørsmålet: Er denne suksessen kun
relatert til redusert formuesskatt? I såfall må jobbskaparane ha behandla spart
formuesskatt separat frå spart selskapsskatt! Benytta dei akkurat den delen av
skatteletten som LO-Gerd hevda, til å fylla opp lommene?
Arbeiderpartiet
sine fordelingsøkonomar Schelderup og Møen står bak 2 av desse rapportane som
skal visa at redusert formuesskatt har liten betydning for investeringane,
sjølve grunnlaget for vår velferd:
1. Schelderup
er fagøkonomen bak Scheel-utvalget som konkluderar at reduksjon i
selskapsskatten har større effekt på investeringar enn redusert formuesskatt.
Men om «arbeid til alle er jobb nr 1», vil ein vel nytta begge tiltak?
Vidare hadde Schelderup dette fagøkonomiske argumentet at «tilgangen på kapital
synes god i norsk næringsliv». Dette er riktig -for den attraktive
oljeindustrien sin del. Men kva med SMB-sektoren, hovedmålgruppa for
Frischrapporten? Nei, viktigaste kapitalkjelde for SMB er eigaren! Bankane gir
knapt nok lån til store deler av denne sektoren, sjølv med pant i bolig til
aksjonæren.
- Kollega
Møen skreiv i konklusjonen til den famøse masteroppgåva ved NHH
https://openaccess.nhh.no/nhh-xmlui/bitstream/handle/11250/169879/Sakkestad_og_Skarsgaard_2013.pdf?sequence=1&isAllowed=y
at «Basert på tall for 70.000 bedrifter viser vår analyse at det ikke er
grunnlag for å hevde at bedrifter får problemer som følge av at de må betjene
eiers formueskatt.»
Nesten ingen har ettergått rapporten, der 1.500 av dei mest solide eigarane er
plukka ut og lagt til grunn for konklusjonen. Men som tabell 6.3 under viser,
fekk mellom fem og ti tusen småbedriftseigarar ilagt større formuesskatt enn
heile årsresultatet for selskapet!
For 2011 tilsvarde dette om lag ein tredjedel av jobbskaparane som betalte
formuesskatt. Tenk det, ein
tredjedel!
- Og
til slutt Menon-rapporten, som likt med Scheel-utvalget viste at redusert
selskapsskatt ga større investeringar enn redusert formuesskatt.
- Igjen:
Om overordna mål er «Arbeid til alle», benyttar ein vel begge tiltak?
- Menon
peikar på effekten av investeringar, ikkje sysselsetjing.
- Større
skatt betyr mindre handlingsrom for jobbskaparen, til eksempelvis å
investera i konkurransedyktig teknologi.
- Menon
undervurderte diverre grovt estimatet på effekten av formuesskatten. Sosialøkonomane
har lite erfaring frå privat næringsliv. Såleis er grunnlaget for analysen
begrensa til investeringar i hardware. Investeringar i eit markedsapparat,
markedsføring og salgsarbeid, er noko av det som gjer at Menon
undervurderar effekten.
Det er på
tide å be opposisjonen forklara kvifor skatteinntektene i 2019 var 150
milliardar kroner over 2013-nivå!
Til slutt
-om Frischrapporten side 3 er forstått riktig, hevdar rapporten at
«Vi finner
ingen effekter av formuesskatten på foretakets investeringer»
Dette er
oppsiktsvekkjande, og må ikkje takast for god fisk. Det vert som å akseptera
ein motsatt konsekvens: Større formuesskatt skal då ikkje ha negativ effekt på
investeringane. Implisitt: Skattekostnad påvirkar ikkje investeringsnivået! Som
om jobbskaparane hadde så god likviditet at skatteskjerping ikkje påvirka
investeringsbeslutningen.
Det er berre
å sjå på figuren under på andel selskap som gjekk frå overskot til underskot
gjennom 8 Raud-Grøne år. Den seier det meste: Industrien hadde så dårlege rammevilkår
at andelen selskap som betalte skatt i industrien gjekk frå majoritet til
minoritet. Ned frå 54% til berre 42%.
Det vart
mange tapte jobbar i denne konkurranseutsette næringa, 2005 - 2013.
Dei 30.000
som tapte jobbane sine - hadde ein einaste ein av desse tru på at
næringsfiendtleg politikk og ein ekstra skatt på arbeidsgivar ville gitt dei
jobben tilbake?
Takk
for svar, her kjem eit 6. argument som torpederar påstanden om aukande
forskjellar; dei har jo aldri vore mindre!
Som
de registrerte Politisk kvarter måndag., bekrefta den internasjonalt mest
meritterte økonomen ved UiO, Kjetil Storesletten, kritikken mot Frischsenteret
og rapporten som vart ivrig referert til i trontaledebatten.
Storesletten
samanlikna tolkninga av rapporten med ei ny form for ei Sareptas krukke og
avslutta noko slik:
No vil
vel alle land med behov for fleire arbeidsplassar kombinert med større
skatteinntekter strøyma til den nye variant av den norske modellen.
På direkte
forespørsel til Storesletten vedr. min kritikk av den famøse masteroppgåva frå
NHH som skapte så masse støy for Erna og Sanner i debatten før 2013 valget,
svarde han (i utdrag):
"Jeg
er 100% enig med deg i at konklusjonen i den masteroppgaven du refererer til
ikke er gyldig fordi de ser på et veldig spesielt utvalg. Men det er
problematisk når folk som Møen og Scheldrup refererer til denne oppgaven som om
den hadde tilstrekkelig kvalitet til å trekke konklusjoner for optimal
poltikk. Jeg tar med meg dine kommentarer. Noen burde se nærmere på
dette"
https://www.nrk.no/valg/2013/formuesskatt-rammer-ikke-bedrifter-1.11177229
Metodikken
var slik at studentane plukka ut 1500 verksemder -2,2% av utvalget- med god
likviditet og lite gjeld og fann naturlegvis at desse hadde lite problem med
skatterekningen. Dette var greit nok, men så gjorde dei konklusjonen gyldig for
øvrige 68.000 småbedriftseigarar som studien omfatta!
Seinare har
så Ap sine fordelingsøkonomar Møen og Schelderup legitimert studien, mellom
anna i Scheel-utvalget sin rapport (med Schelderup som fagøkonom), utvalget som
konkluderte at ein burde redusera selskapsskatten heller enn formuesskatten.
Dei klarde å gjera ei villedande studentoppgåve til del av premissane for eit
nytt skattesystemet!
Til
trontaledebatten fylt opp med påstandar om aukande forskjellar.
Venstresida
hadde ingen innlegg om finansieringa av alle gode tiltak; her er eit 6.
argument i favør av mindre
forskjellar enn før. Korleis kan dei hevda at det er dei nederste ved
bordet som betalar for skatteletten til dei rike?
Fakta er at
over 10-års perioden 2008 – 2018, er det slik at
- for
øverste desil er den såkalte «skatteletten" ei auke frå 2008 der dei
betalte 120 milliardar i skatt, til over 180 milliardar kroner i
personskatt i 2018.
- Dei
«nederste ved bordet», definert som skattebetalarane i dei to nederste
desil, har fått forsterka den direkte og indirekte velferd over statlege
og kommunale budsjett med heile 118.000 kroner!
- Denne
veksten i velferd over 10-års perioden gjeld sjølvsagt samtlege
skattebetalarar (over 17 år). Men mens øverste desil betalar rekningen
sjølv, samt mange andre sin velferdsrekning i tillegg, betalar dei to
nederste desil -i form av personskatt- kun 800 kroner meir for dei
118.000 ekstra velferdskronene!
- I
tillegg betalar dei i gjennomsnitt berre 13.000 kroner meir i
form av moms, trygdepremie og ymse former for brukarbetaling som kommunalt
barnepass (slik eg les SSB sine tal; Peder må kvalitetssikra eksakte tal)
- Heldigvis
ga gevinsten i oljelotteriet både små- og store skattebetalarar 34.000
kroner ekstra over statsbudsjettet, samanlikna med 2008 – nivået.
- Så
kjem største komponent til dei nederste ved bordet (inntekt under 250.000
kroner): 52.000 kroner! Kvar kjem den frå? Rekande på ei fjøl på grunnlag
av eit samfunn med små forskjellar, høg tillit, 3-part samarbeidet
og den norske modellen?
Det ekstra skattebidraget
på 61 milliardar kroner kjem frå «dei rike». Allokert i heilheit til dei 20%
nederste, 850.000 av dei som betalar aller minst skatt, tilsvarar bidraget frå
øverste desil, eit løft av heile gruppa med 52.000 kroner!
Mot denne
bakgrunn og påstandane frå talarstolen på Stortinget om dei lågtløna som
betalar skatteletten til dei rike, er det grunnlag for å hevda at det er grov
løgn og berre egna til å villeda velgjarane i sitt valg av kurs for landet.
Dette blogg innlegget er i det store og heile basert på e post frå Ole Hauso.
mvh
Ove Trellevik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar