I denne bloggen kan du lesa litt om mine tankar for Sotra og
regionen i 2020. Bloggen er ikkje komplett for alt eg ser for meg i 2020, men baserar
seg på eit 15 minutters munnleg innlegg i kultursalen i Fjell, men beskriv utviklingstrekka slik eg
trur dei vil gå.
lørdag 6. oktober 2012
Sotra i 2020
Onsdag fekk eg presentert mine tankar for Sotra i år 2020 på
eit seminar arrangert av Senioruniversitet. Sotra er ein god plass å leve og
bu. Få plasser er det betre mogeligheiter for å skape ei god framtid som sikrar
velferd, vekst og trygge løysningar for alle innbyggara.
søndag 30. september 2012
Reise til Bosnia Herzegovina, Konjic kommune.
No var tida komen for at eg burde reisa til Bosnia Herzegovina
for å sjå og følgje opp det gode arbeidet Sund kommune saman med andre
samarbeidspartnara har fått gjort gjennom mange år. Bakgrunnen for prosjektet
var at det etter krigen på Balkan så skulle Noreg bidra til
demokratiseringsprosessen på Balkan. I Sund kommune budde det mange flyktningar
frå Balkan under krigen. Då då Dayton avtala var signert i desember 1995 var
det naturlig for Noreg og Sund kommune å engasjere seg i gjenreisinga av
landet.
tirsdag 25. september 2012
Tid for endring i barnevernet
Me ønskjer oss alle eit samfunn der borna våras veks opp i gode miljø som sikrar at vore born lærer og utviklar seg til å bli sjølvstendige gode borgarar. Der alle får mogeligheita til læring og utvikling, utdanning og arbeid.
Som leiar i Regionrådet Vest ser eg at kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Sund opplever ein auke i talet på saker innan barnevernet og auke i dei kommunale budsjetta. Det er press på barnevern tenestene og det er press på dei tilsette sin kapasitet innan barnevernet.
lørdag 22. september 2012
Leige av Strandahallen 2012/2013
Leige av Strandahallen 2012/2013
Søkjarar som ønskjer tildeling i Strandahallen haust 2012 og vår 2013 må sende inn ein skrifteleg søknad.
• Strandahallen, treningstid kvardagar 17.00 – 22.00
• Strandahallen, treningstider laurdag og sundagar utanom terminfesta kampar og arrangement.
Skal med dette sende søknad til:
Sund kommune
Drifts- og utbyggingseininga
Postboks 23
5371 Skogsvåg
Søkjarane må gje informasjon om:
Lag, grupper/alderstrinn, kontaktperson og telefonnummer.
Søknadsfrist 30. September 2012.
Opplysningar på tlf: 958 55 910 eller e-post: rune.samsonsen@sund.kommune.no
tirsdag 18. september 2012
Regionssamarbeid
Hei.
Her kan du lese om mykje av det me samarbeider om i regionrådet Vest.
http://www.regionradetvest.no/
Helsing
Ove
Her kan du lese om mykje av det me samarbeider om i regionrådet Vest.
http://www.regionradetvest.no/
Helsing
Ove
søndag 2. september 2012
Det nermar seg haust
onsdag 4. juli 2012
Minneseglas til Shetland
Kl 0730 var det oppmøte i Forlandsvågen – tid for å få bagasje om bord, fordeling av lugarar, sjøklargjering og ikkje minst sikkerheitsinstruksar. Kaptein Audun Hausberg har vore med på dette før! I strålande sol og blikk stille vær - vinka me farvel til Vest nytt og ordføraren i Øygarden og kultusjefane som skal reise med fly. Vel installert på lugarar og banjer så blei det samling på dekk i sola. Med så mange musikarar ombord ble det naturligvis song og musikk mens me sigla ut Korsfjorden med stø kurs for Shetland. Her blei det opera, allsong, gitarspeling og kleppevik musikk. Knalltøft!
lørdag 23. juni 2012
Skulestruktur i fokus
Det går mot sommar og ferie. Onsdag var det vitnemålsutdeling for avgangselevane ved ungdomsskulen. Flott ungdom og flott sermoni! Elles har det vore stor aktivitet og eg har ikkje kunne delteke på alt eg burde denne veka heller. Fredag blei ein kjekk dag med arbeid i regionalt panforum og i styringsgruppa for regionale planar. Arbeidet her går mot slutten og skal behandlast av fylkespolitikkara til hausten. Fredagen blei avslutta med arbeid for å få VM på sykkel i 2016 til Bergen og regionen her vest. i havet. Det ser lovande ut så dette blir spennande. Det er likevel vedtaket om skulestrukturen som har engasjert innbyggarane mest! Mine takar om dette kan du lese meir om i denne bloggen!
lørdag 16. juni 2012
Mobbing i fokus
Denne veka har kultur vore i fokus. I Sund har he hatt kulturveke. Det er likevel mobbing på Sund ungdomsskule som har fått stor merksemd denne veka. Dette er vanskelege saker, men som me har stort fokus på.
lørdag 9. juni 2012
Regionrådsmøte, formannskap og åpning av Sjøsporrtsenteret
No er det laurdag kveld og endeleg helg. Ei travel men kjempekjekk og spennande veke er over. Det har vore aktivitetar kvar kveld. Det har vore møte i Regionrådet, formannskapet og ikkje minst opning av nytt Sjøsportsenter som du kan lese meir om her i denne bloggen!
lørdag 2. juni 2012
Generalforsamling i Trigger og møte i Bergensalliansen
Då er det helg att og sola skin!
Denne veka har det blant anna vore arbeida med reguleringsplanar for Skaganeset, møte med Avinor, generalforsamling i Trigger og møte i Bergensalliansen om regional transportplan.
lørdag 26. mai 2012
Deiligt med sommar, men brannfare!
Det er pinsehelg og framleis godt vær. Denne veka har været vore nydelig, men me har vore vitne til ein storbrann grunna tørke. Elles har det vore ulike møter denne veka. Kommuneproposisjonen for kommuneøkonomien for 2013 er lagt fram. Konsekvensane for Sund kan du lese meir om her.
Kommuneøkonomi
Økonomi er alltid eit viktig tema for kommunane. No er dei grovaste tala for 2013 lagt fram.
Takk til mannskapa!
God innsats frå vårt personell ute i markane mellom Glesnes, Kausland, Spilda og Selstø dei siste dagane. Alle mannskapa- kvinner og menn, som har vore ute har gjort ein fantastisk jobb. Me har hatt mannskap frå Sotra Brannvern IKS, Sivilforsvaret, Øygarden Brannvesen, Bergen Brannvesen, Politiet og skogbrannhelikopter som har deltatt. Velvillige innbyggarar har forsynte mannskapa med varm og kald drikke - Tusen takk for flott innsats. Det var ei tid fare for bygningar og hus, men så langt eg veit så har ingen bygningar fått skade, men store delar av utemarka vart brent. Håpar alle tar omsyn til at det lett kan bli brann når det er så tørt og varmt i været. Vi må unngå slike brannar!![]() |
Foto: Ronny Sangolt. Bilde frå brannslukkinga på Kausland onsdag 23.mai. |
Ungdomskontoret
Ungdomskontoret er kanskje ikkje like kjent for alle. Dette er eit kontor som set ungdommen i fokus. Dei føl spesialt opp ungdommar som treng hjelp i møte med det offentlege tenesteapparatet. Det være seg skule, utdanning, NAV etc etc. Kommunen har fått innvilga ein prosjektstilling som skal arbeide med unge som skal busetje seg og treng oppfølging. Fokuset for stillingsinnehavar blir såleis bustadsosialt arbeid. Dette blir bra både for enkelte unge som treng oppfølging, men også ein trygghet for dei som ønskjer å leige ut til unge direkte eller via Sund kommune. Ungdomskontoret har gjort ein kjempejobb i dei åra som dei har eksistert, men det er eit ønskje om at me kanskje «spissar» oppdraget noko – sett frå NAV sin ståstad. Dersom ungdomskontoret kjenner arbeidsmarknaden godt samt dei unge sitt behov- blir det lettare og hjelpe dei som fell utanfor det ordinære skulesystem. Praksisplass er ofte ein flaskehals for ungdom som ikkje finn seg til rette i den vidaregåande skulen. Eit gammalt ordtak seier «ledighet er rota til mykje vondt» -det trur eg – difor er denne «spissinga» viktig. Utfordringa er å skaffe tilstrekkeleg med arbeidsplassar til denne gruppa av arbeidssøkjarar.
Museum Vest
Onsdagskvelden var det styremøte i Museum Vest. Denne gangen var vi på Herdla nord på Askøy. Her er det både museum og eit «nedlagt kystfort». I tillegg er det eit stort fuglereservat med fleire hundrede registrerte fugleartar samt ein golfbane. I Museum Vest arbeider me for ei ny utstilling i Fiskerimuseet i Bergen. Her har me spennande planer for å vise Norges fantastiske fiskerihistorie opp gjennom åra. I tillegg ønskjer dei på Herdla å arbeide for eitt nytt utstillingsvindauga «Morene». Her er målet å samle mykje av det ein har på Herdla. Herdla framstår som ei perle i dag, med golfbane, fuglereservat, naturområde, museum og i desse dagar nydeleg vær. Eg kan anbefale folk å ta ein tur til Herdla! Kommuneøkonomi
Økonomi er alltid eit viktig tema for kommunane. No er dei grovaste tala for 2013 lagt fram.
Førebelse tal syner at kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 470 millionar kroner i 2013. Dei frie inntektene veks meir enn dei ”bundne” inntekta – og det er uvanleg!
Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2013. Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter, men utfordringa er at dei frie inntektene som i Sund blir ca 5 mill i stor grad er bunden opp i folketalsvekst her i Sund samt pensjon.
Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år. Det vil sei at kommunane får behalde auken i skatteinntektene i 2012, dei er på på 2,3 milliardar kroner totalt i Norge. For Sund blir det ca 2 mill. Totalt veks inntektene ca 7 mill for oss i Sund. I tillegg kjem prisveksten. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.
I Sund så indikerer eg at «pengane alt er brukt eller bunden opp» Befolkningsveksten betyr større behov for kommunale tenester i Sund. Når me blir fleire innbyggjarar, krev det at kommunane byggjer ut tenestene sine meir. Difor må ein sjå veksten i frie inntekter i samanheng med at kommunen også får auka utgiftene sine i 2013 på grunn av befolkningsutviklinga. Gode eksemplar på dette i Sund er behov for skuleutbygging, utbygging av legesenter, tilsetjing av fleire legar etc etc.
Kommunar har ulike behov. Difor er det avgjerande viktig at inntektsauken kjem som auke i frie inntekter. Det gjev kommunane fridom til å tilpasse tenestene til det som trengs mest for eigne innbyggjarar.
I Sund arbeider me godt med økonomien. Ein god kommune planlegg for framtida. I Sund er skulebruksplanen serdeles viktig for kommuneøkonomien i framtida samt ”omsorgsprofilen” for dei eldre. Me arbeider med gode planar på begge desse viktige områda for å sikre at utgiftene er tilpassa inntektene me får.
Andre saker!
Fylkesmannen har vedtatt at elevane frå Berge til Stranda skal få gratis skuleskyss, så her får me berre hive oss rundt å skaffe busskort!
Fylkeskommunen har lagt fram eit høyringsforslag til ny Skulestruktur for dei vidaregåande skulane. Det var knytt noko spenning til dette. Det har vore drøfta om Sotra vidaregåande skule avd. Sund skulle vore slått saman med Bildøy/Straume. I høyringsforslaget så får skulen i Sund bestå. Kva som blir vedtatt av fylkestinget er ikkje mogeleg å forskottere, men utgangspunktet er betre enn forventa! Me lyt arbeide politisk opp mot fylkestinget for å sikre dette.
Det har i den seinare tid vore ein del lukt frå Skaganeset. Noko skyldes innkjøring av nytt prosesseringsanlegg hos Biomega og dette vil ein snart få eliminert. Det har i tillegg vore eit uheldig utslepp til sjø v/Sekkingstad. Dette utsleppet er også under ”kontroll og oppsyn”.
Ha ei fin fin pinsehelg!
Ove
Abonner på:
Innlegg (Atom)