To fluer i
ein smekk! Det blei inga blogg førre helg så her er ei kort oppsummering av dei viktigaste sakene dei siste to
veker. Ikkje uventa kanskje men kommuneøkonomi må kommenterast. Det same må
ferjesambandet Klokkarvik – Hjellestad, samt litt om kommunestyret og
næringsutvikling.
lørdag 17. november 2012
lørdag 3. november 2012
Bygdebok lansering og VNR haustfest denne veka
Mange kommunar har for lengst skreve si gards- og ættesoge.
Torsdag var endeleg dagen komen der me i Sund skulle få lansert 1.bind av den
nye bygdeboka. Torsdagskvelden var det også duka for årets haustfest i regi av
Vest næringsråd (VNR). Dette var ein kjekk kveld på Panorama. Dette kan du lese meir om i denne bloggen.
lørdag 27. oktober 2012
lørdag 20. oktober 2012
Strakstiltak
I denne bloggen kjem eg med ei lita oppsummering av denne veka. Det har vore formannskapsmøte og andre møter. Me opplever at trafikkproblema aukar og no er det på høg tid at det blir iverksatt strakstiltak. Dette kan du lese meir on i denne bloggen.
lørdag 13. oktober 2012
Budsjettarbeid
No er statsbudsjettet framlagt og arbeidet med å få på plass
kommunebudsjettet for neste år startar med full tyngde. Sund kommune er ein av
”budsjett vinnarane” bland kommunane i Hordaland meiner dep.råd Eivind Dale i kommunaldepartementet, men det er ikkje noko grunn
for å juble. Etter min oppfatning er budsjettet i tal nokolunde som forventa
for oss i Sund, men eg er overraska av at Bergen kjem så dårleg ut. Konsekvensane av samhandlingsreforma har regjeringa heilt gløymt.
lørdag 6. oktober 2012
Sotra i 2020
Onsdag fekk eg presentert mine tankar for Sotra i år 2020 på
eit seminar arrangert av Senioruniversitet. Sotra er ein god plass å leve og
bu. Få plasser er det betre mogeligheiter for å skape ei god framtid som sikrar
velferd, vekst og trygge løysningar for alle innbyggara.
I denne bloggen kan du lesa litt om mine tankar for Sotra og
regionen i 2020. Bloggen er ikkje komplett for alt eg ser for meg i 2020, men baserar
seg på eit 15 minutters munnleg innlegg i kultursalen i Fjell, men beskriv utviklingstrekka slik eg
trur dei vil gå.
søndag 30. september 2012
Reise til Bosnia Herzegovina, Konjic kommune.
No var tida komen for at eg burde reisa til Bosnia Herzegovina
for å sjå og følgje opp det gode arbeidet Sund kommune saman med andre
samarbeidspartnara har fått gjort gjennom mange år. Bakgrunnen for prosjektet
var at det etter krigen på Balkan så skulle Noreg bidra til
demokratiseringsprosessen på Balkan. I Sund kommune budde det mange flyktningar
frå Balkan under krigen. Då då Dayton avtala var signert i desember 1995 var
det naturlig for Noreg og Sund kommune å engasjere seg i gjenreisinga av
landet.
tirsdag 25. september 2012
Tid for endring i barnevernet
Me ønskjer oss alle eit samfunn der borna våras veks opp i gode miljø som sikrar at vore born lærer og utviklar seg til å bli sjølvstendige gode borgarar. Der alle får mogeligheita til læring og utvikling, utdanning og arbeid.
Som leiar i Regionrådet Vest ser eg at kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Sund opplever ein auke i talet på saker innan barnevernet og auke i dei kommunale budsjetta. Det er press på barnevern tenestene og det er press på dei tilsette sin kapasitet innan barnevernet.
lørdag 22. september 2012
Leige av Strandahallen 2012/2013
Leige av Strandahallen 2012/2013
Søkjarar som ønskjer tildeling i Strandahallen haust 2012 og vår 2013 må sende inn ein skrifteleg søknad.
• Strandahallen, treningstid kvardagar 17.00 – 22.00
• Strandahallen, treningstider laurdag og sundagar utanom terminfesta kampar og arrangement.
Skal med dette sende søknad til:
Sund kommune
Drifts- og utbyggingseininga
Postboks 23
5371 Skogsvåg
Søkjarane må gje informasjon om:
Lag, grupper/alderstrinn, kontaktperson og telefonnummer.
Søknadsfrist 30. September 2012.
Opplysningar på tlf: 958 55 910 eller e-post: rune.samsonsen@sund.kommune.no
tirsdag 18. september 2012
Regionssamarbeid
Hei.
Her kan du lese om mykje av det me samarbeider om i regionrådet Vest.
http://www.regionradetvest.no/
Helsing
Ove
Her kan du lese om mykje av det me samarbeider om i regionrådet Vest.
http://www.regionradetvest.no/
Helsing
Ove
søndag 2. september 2012
Det nermar seg haust
onsdag 4. juli 2012
Minneseglas til Shetland
Kl 0730 var det oppmøte i Forlandsvågen – tid for å få bagasje om bord, fordeling av lugarar, sjøklargjering og ikkje minst sikkerheitsinstruksar. Kaptein Audun Hausberg har vore med på dette før! I strålande sol og blikk stille vær - vinka me farvel til Vest nytt og ordføraren i Øygarden og kultusjefane som skal reise med fly. Vel installert på lugarar og banjer så blei det samling på dekk i sola. Med så mange musikarar ombord ble det naturligvis song og musikk mens me sigla ut Korsfjorden med stø kurs for Shetland. Her blei det opera, allsong, gitarspeling og kleppevik musikk. Knalltøft!
Abonner på:
Innlegg (Atom)