Den
nye stortingsmeldinga om sjømat er under utarbeiding. Visjonen for
sjømatmeldinga er ”Noreg – verdas fremste sjømatnasjon”. Eit viktig grunnlagsmateriale for Stortingsmeldinga er tilrådingane frå arbeidet med ny
strategi for marin forsking og utvikling; HAV
21-rapporten som blei lagd fram 7.november. I denne bloggen kan du lese korleis eg meiner Bergensregionen kan kan bidra til å nå visjonen.
lørdag 9. februar 2013
God start på året
lørdag 8. desember 2012
Regionråd, opning seniorsenter og litt til!
Då blei det helg, og enda ei spennande arbeidsveke er over.
I denne bloggen kan du lese litt om møtet i Regionrådet, etterbruk av skular,
lysa på Veten, kva eg ønskjer å nytta det nyopna seniorseteret til mm.
fredag 7. desember 2012
BNR anmeldelser og ferjedrift
Denne veka har BT hatt fokus på ferjesambandet Hjellestad -
Klokkarvik. Det er flott, men det er også slik at det er mykje info som ikkje
får plass i ei avisspalte.
Fokuset har vore retta mot ueinighet mellom reiarlaget BNR
og Sund kommune. Ueinigheita er ikkje til å legge skjul på.
lørdag 17. november 2012
Ei lita oppsummering
To fluer i
ein smekk! Det blei inga blogg førre helg så her er ei kort oppsummering av dei viktigaste sakene dei siste to
veker. Ikkje uventa kanskje men kommuneøkonomi må kommenterast. Det same må
ferjesambandet Klokkarvik – Hjellestad, samt litt om kommunestyret og
næringsutvikling.
lørdag 3. november 2012
Bygdebok lansering og VNR haustfest denne veka
Mange kommunar har for lengst skreve si gards- og ættesoge.
Torsdag var endeleg dagen komen der me i Sund skulle få lansert 1.bind av den
nye bygdeboka. Torsdagskvelden var det også duka for årets haustfest i regi av
Vest næringsråd (VNR). Dette var ein kjekk kveld på Panorama. Dette kan du lese meir om i denne bloggen.
lørdag 27. oktober 2012
lørdag 20. oktober 2012
Strakstiltak
I denne bloggen kjem eg med ei lita oppsummering av denne veka. Det har vore formannskapsmøte og andre møter. Me opplever at trafikkproblema aukar og no er det på høg tid at det blir iverksatt strakstiltak. Dette kan du lese meir on i denne bloggen.
lørdag 13. oktober 2012
Budsjettarbeid
No er statsbudsjettet framlagt og arbeidet med å få på plass
kommunebudsjettet for neste år startar med full tyngde. Sund kommune er ein av
”budsjett vinnarane” bland kommunane i Hordaland meiner dep.råd Eivind Dale i kommunaldepartementet, men det er ikkje noko grunn
for å juble. Etter min oppfatning er budsjettet i tal nokolunde som forventa
for oss i Sund, men eg er overraska av at Bergen kjem så dårleg ut. Konsekvensane av samhandlingsreforma har regjeringa heilt gløymt.
lørdag 6. oktober 2012
Sotra i 2020
Onsdag fekk eg presentert mine tankar for Sotra i år 2020 på
eit seminar arrangert av Senioruniversitet. Sotra er ein god plass å leve og
bu. Få plasser er det betre mogeligheiter for å skape ei god framtid som sikrar
velferd, vekst og trygge løysningar for alle innbyggara.
I denne bloggen kan du lesa litt om mine tankar for Sotra og
regionen i 2020. Bloggen er ikkje komplett for alt eg ser for meg i 2020, men baserar
seg på eit 15 minutters munnleg innlegg i kultursalen i Fjell, men beskriv utviklingstrekka slik eg
trur dei vil gå.
søndag 30. september 2012
Reise til Bosnia Herzegovina, Konjic kommune.
No var tida komen for at eg burde reisa til Bosnia Herzegovina
for å sjå og følgje opp det gode arbeidet Sund kommune saman med andre
samarbeidspartnara har fått gjort gjennom mange år. Bakgrunnen for prosjektet
var at det etter krigen på Balkan så skulle Noreg bidra til
demokratiseringsprosessen på Balkan. I Sund kommune budde det mange flyktningar
frå Balkan under krigen. Då då Dayton avtala var signert i desember 1995 var
det naturlig for Noreg og Sund kommune å engasjere seg i gjenreisinga av
landet.
tirsdag 25. september 2012
Tid for endring i barnevernet
Me ønskjer oss alle eit samfunn der borna våras veks opp i gode miljø som sikrar at vore born lærer og utviklar seg til å bli sjølvstendige gode borgarar. Der alle får mogeligheita til læring og utvikling, utdanning og arbeid.
Som leiar i Regionrådet Vest ser eg at kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Sund opplever ein auke i talet på saker innan barnevernet og auke i dei kommunale budsjetta. Det er press på barnevern tenestene og det er press på dei tilsette sin kapasitet innan barnevernet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)